Rusmidler i Norge

Kontaktpersoner

Publikasjoner

SIRUS gir kvart år ut eit hefte med fersk rusmiddelstatistikk. Talmaterialet er henta frå offentleg statistikk og spesialgranskingar. Tala blir også publiserte i SIRUS nettbaserte statistikkteneste - RusStat. Her er det også mogeleg å finne lange tidsseriar som ikkje er eigna for trykk i Rusmidler i Norge. Frå og med 2009 er også tobakkstal med i statistikkoversikta.

Statistikken omhandlar omsetning av alkohol, tobakk og vanedannande lækjemiddel (kapittel 1), bevillingar for alkoholomsetnad (kapittel 2), statistikk for økonomiske aspektar ved alkohol og tobakk (kapittel 3), kriminalitetsstatistikk for alkohol, tobakk og andre rusmiddel (kapittel 4), statistikk for dødsfall og sjukdom knytte til alkohol og andre rusmiddel (kapittel 5) og statistikk for behandling av rusmiddelproblem (kapittel 6).

Rusmidler i Norge skal vere eit hjelpemiddel for alle som ønskjer statistisk dokumentasjon når det gjeld rusmiddel i Noreg. For å gjere RIN meir tilgjengeleg for ein utanlandsk lesarkrins, blir all tekst også presentert på engelsk.

Trykk på lekkja for å finne eldre utgåver av Rusmidler i Norge

 

 


Idium Portalserveridium webpublisering